Tysdag var nokre sjiraffgutar og alle revane på tur til Pilavika. Dei fanga krabbe, samla steinar og hadde vasskrig.

På tur til båthavna.
Torsdag var alle sjiraffane på tur til båthavna. Alle fekk vera med ein liten tur i robåten til Jakt- og fiskelaget. Dei fekk òg prøva å fiska.

Avd. Oppe på tur til båthavna.

Avd. Nede på tur til Pilavika.
Fredag tok heile avd. Nede turen til Pilavika. Me markerte alle bursdagsbarna denna veka med kjempe god taco til lunsj i Pilavika.

Leik i Pilavika.
Me kosa oss med leik, utforsking og vasskrig 🙂
- Felles opplevingar og aktivitetar gir eit unikt høve til kommunikasjon mellom barn (Rammeplanen, 2011:35).

Mykje spennande i fjæra.
Me fann blåskjell, levande krabbe, dø krabbe, eit fiskehode, masse tanglopper, steinar, slipte glasbrot, pinnar og rekved.
- Barn er nysgjerrige, kunnskapstørste og lærelystne. Det skal barnehagen støtte opp under og slik gi eit godt grunnlag for livslang læring og danning. Barn kan lære gjennom alt dei oppleveer og erfarer på alle område (Rammeplanen, 2011:33).
Nokre av sjiraffane fekk vera med å ro til Pilavika og nokre var med å rodde tilbake til båthavna. Då me rodde tilbake fekk me ein flott makrell. Det vart ein flott avslutning på ei super veka!