Onsdag gjekk både avdeling Oppe og Nede på tur til parken ved Saften. Der vart det hopping på trampolina, balansering, sisten og bjørnen sover.
- Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse må personalet sørgje for god planlegging og fleksibel tilrettelegging og utnytting av det fysiske miljøet og vurdere korleis nærmiljøet kan supplere barnehageareala til ulike årstider (Rammeplanen, 2011:42).
Me gjekk i små grupper og såg på kunstutstillinga til Anna Njøs og bøkene til Odd Njøs i Gamlehotellet. Det var mange flotte bilete som me snakka om.
- Gjennom arbeidet med kunst, kultur og kreativitet må personalet sørgje for at barn opplever lokale, nasjonale og internasjonale kunst- og kulturuttrykk, og at dei får møte kunstnarar (Rammeplanen, 2011:44).
Ungane syns òg det var spanande å sjå på eit gamalt kronespel som stod i der.