Som ein del av arbeidet i barnehagen med fagområdet , natur, miljø og teknikk tok me kontakt med Simas, for å høyra om me kunne komma på besøk. Me ville sjå kva som skjedde med boset som me sorterar. Det fekk me, og det vart ein fantastisk dag. Etter ei økt inne fekk me omvisning i kompostanlegget, der me fekk sjå at matavfallet vart omgjordt til matjord, og i papir og plasthallen. Me var 9 ungar som tilsaman vog 180 kg. Det fekk me bekrefta då me vog oss på vekta som bossbilane veg seg på.
Me såg «simasfilmen» og me fekk helsa på « simasbamsen «, som egentlig skulle kastast men som vart teken imot og gjenbrukt i Festingedalen.
Sortering av boset etter lunsj.
Så vart me overraska av eit frykteleg tordenvêr og me vart ståande vêrfast i plasthallen. Me vart til slutt henta og køyrde oppatt til bilane våre. Flott service.