Det vart veldig populært å klatra opp fjellveggen og skli ned att; tøffe og flinke ungar.
- Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra til at barna skaffar seg gode erfaringar med varierte og allsidige rørsler og utfordringar (Rammeplanen, 2011:42).
Tur til Frækaland.
Me laga insektfeller med sirup i (og so måtte me soklart smaka litt på sirupen;-).
- Personalet må ta utgangspunkt i nyfikna, interessene og føresetnadene til barna og stimulere dei til å oppleve med alle sansar, observere og undre seg over fenomen i naturen og teknologien (Rammeplanen, 2011:45).
Onsdag stod det skattekista på menyen; og sidan det hadde regna dagen før fekk me lov til å bruka bålpanna vår. Det var veldig godt med grønsaker og fiskekaker bakt i folie med smør og ost.
Alltid kjekt å leika med gjørma og vatn 😉
- Personalet må skape eit miljø der barn og vaksne dagleg opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale, og vere bevisste på kva etiske, estetiske og kulturelle verdiar som blir formidla (Rammeplanen, 2011:41).
- Gjennom arbeidet med natur, miljø og teknikk skal barnehagen bidra til at barna erfarer korleis teknikk kan brukast i leiken og kvardagslivet (Rammeplanen, 2011:45).