På fredag hadde me pysjamasfest i barnehagen; då gjekk alle ungar og vaksne i pysj og so hadde ungane med seg kosedyret sitt.
Me hadde fellessamling nede med godnatthistorie og godnattsongar. Samlinga starta med morosam dramatisering av forteljinga om Gullhår og dei tre bjørnane. Då fekk tre av kosedyra vera bjørnane i forteljinga:-)
Etterpå fekk alle stå framme og visa pysjen sin og fortelja om kosedyret sitt.
Samlinga vart avslutta med godnattsongar medan alle ungane låg og kvilte på golvet. Etterpå kosa me oss med gode bollar til lunsj på avdelingen oppe.
- Personalet må skape eit miljø der barn og vaksne dagleg opplever spenning og glede ved høgslesing, forteljing, song og samtale, og vere bevisste på kva etiske, estetiske og kulturelle verdiar som blir formidla (Rammeplanen, 2011:41).