I desember har me adventsamling kvar dag; då er det barnet som opnar adventspakke i fokus, me tenner lys, syng julesongar og høyrer juleforteljingar. I adventspakken får dei ei pepperkaka og ein lapp der det står ein julesong me skal synga.
- Gjennom arbeidet med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barna får kjennskap til kristne høgtider og tradisjonar, og tradisjonar knytte til høgtider i religionar og livssyn som er representerte i barnegruppa (Rammeplanen, 2011:47).
Alle barna har bidrege i pepperkakehuslaginga; nokre har teikna korleis veggane og taka skulle sjå ut og nokre har pynta:-) Dette flotte pepperkakehuset og andre fine hus kan de sjå utsilt i vindauget til biblioteket.
- Gjennom arbeidet med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna tek i bruk fantasi, kretiv tenking og skaparglede (Rammeplanen, 2011:44).