Når eit barn i barnehagen har bursdag markerar me det med samling og bursdagsmat. Bursdagsbarnet er i fokus i samlinga; me syng bursdagssong og barnet får velga om me skal lesa ei bok, sjå film eller leika ein leik i samlinga. Barnet får òg velga mellom tre rettar til lunsj; tacolapskaus, grove vaffler og pølsegrateng.
- Barn må både oppleve tilknyting og fellesskap og kjenne at dei kan bestemme sjølve og uttrykkje eigne intensjonar (Rammeplanen, 2011:17).
Frileik
- Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen. Leiken har eigenverdi og er ei viktig side ved barnekulturen. Han er ei grunnleggjande livs- og læringsform som barn kan uttrykkje seg gjennom (Rammeplanen, 2011:32).