«Tarzan» i taua, hopping, balanse og rolleleikk.
Klatring i ribbevegg.
Stå i kø, klatring og hopping.
På onsdagane er me so heldige at me får bruka gymsalen i Saften; då pleier både avdeling oppe og nede å ta turen på formiddagen. Det er mykje glede, samarbeid, leik og høgt aktivitetsnivå. Dei store hjelper gjerne dei små, og dei små ser og lærer av dei store:-)
- Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra til at barna skaffar seg gode erfaringar med varierte og allsidige rørsler og utfordringar (Rammeplanen, 2011:42).