Giraffane var på tur til Hottadalen. I løpet av turen vart sauen eit samtaleemne blandt ungane; difor valde studenten sau som tema i hennar praksisperiode. Studenten hadde ei samling med giraffane der dei snakka om kva dei ville læra om sauen og kva dei kunne gjera for å læra detta. Ungane hadde mange gode forslag, og desse vart utgangspunktet for arbeidet vidare. På denne måten fekk ungane medverka og dei fekk ei eigarkjensla til temaarbeidet (Rammeplanen, 2011:17).
- Gjennom arbeidet med kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra til at barna skaffa seg gode erfaringar med varierte og allsidige rørsler og utfordringar (Rammeplanen, 2011:42).
I barnehagen arbeidar ein gjerne tverrfagleg og ser på læring som ein heilskapleg prosess. Difor har me i dette temaarbeidet vore innom alle fagområda i Rammeplanen.
Sommarfuglane laga sauer, medan Revane og Giraffane laga bilete med ull.
- Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk får barn mange høve til sansing, oppleving, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon (Rammeplanen, 2011:44).
- Barna får erfaringar med og kunnskap om dyr og vekstar og at dei er avhengige av kvarandre og viktige for matproduksjonen (Rammeplanen, 2011:45). Ungane får oppleva kor viktig sauen er i mange matprodukt og dei får kunskap om maten dei et.
- Barna vert kjende med og deltek i samfunnet gjennom opplevingar og erfaringar i nærmiljøet (Rammeplanen, 2011:48). Ungane får kjennskap til nærmiljøet ved å besøke arbeidsplassar som Nortura og bondegarden, dei får oppleva ein ny arbeidsplass og nokre av oppgåvene som høyrer til arbeidet der.