På fredag kom politibamsen Eddie på besøk til både stor og liten avdeling. Ungane følgde spente med då dei fekk høyra historiane om kvifor Eddie har plaster på seg; dei fekk høyra at det er viktig å ha på seg bilbelte i bilen, ha hjelm på hovudet når ein syklar, sjå seg føre før ein går over vegen og bruka refleks. Det var kjekt å få helsa på Eddie:-) Og det var spanande å sjå blålysa og høyra sirene på politibilen!
Etter besøket hadde me «kino» på stor avdeling. Me såg ein episode av Vennebyen der me fekk sjå kvifor det er viktig å bruka hjelm når ein syklar. Og so såg me ein episode av Karsten og Petra der me såg kor viktig det er å sjå seg føre før ein går over vegen. Me brukte filmane til å forsterka bodskapet om trafikktryggleiken som politibamsen Eddie hadde snakka om.
- Personalet skal gi barna meiningsfylte møte med personar, arbeidsplassar og institusjonar i nærmiljøet og sørgje for at barna får bearbeide og utdjupe opplevingane (Rammeplanen, 2011:48).