Askedalen Barnehage AS er privat og vart opna i november 2008 av Edith Valeberg Eggum, Inger- Lise Knudsen og Hilde Valvik Menes. 

Askedalen barnehage ligg i Hermansverk sentrum mellom Fylkeshuset, Statens Vegvesen og Statens Hus. I tillegg til eige uteområde nyttar vi alle mogleikar vi har eit variert miljø rundt oss heile året. Med fjord og strand, store naturområde, arbeidsplassar, bibliotek, butikkar, fleirbrukshall og med kort avstand til både skule og sjukeheim har vi mange alternativ å velja mellom. Vi får i tillegg disponere eit flott naturområde på Njøs. Kvar veke har vi gym i fleirbrukshallen. Det meste ligg 5 minutt unna, og når vi ønskjer oss til fjells flyttar vi opp i hytta til jakt-og fiskelaget på Kleppa.  

Vi er ein barnehage som ynskjer å være i sterk fagleg utvikling, og har ein solid og stabil personalgruppe med god arbeidskultur. Vi har som mål til ein kvar tid å skape gode oppevingar for barna, i eit inkluderande læringsmiljø der fokus er barnets beste.  

I tillegg til lokalsamfunnet, samarbeider vi med dei andre barnehagane og skulane i kommunen. Skulekamerattreff, bading og jakt- og fiskedagar, overgang til skulestart og valfagelevar er nokre døme. Askedalen barnehage har eit kontraktfesta samarbeid med Høgskulen på Vestlandet gjennom å vera praksisbarnehage.  

Askedalen barnehage har 2 einingar. Vi gir tilbod til barn i alderen 0-6 år. Bustaddelen er for dei minst barna og første etasje er bygd med tanke på dei store barna. Totalt er barnehagen godkjend for 42 barn som utgjer 54 plassar. 

Ta gjerne kontakt eller kom innom på besøk.